Gå til sidens hovedinnhold

Lukkast nesten i å setja verdsrekord

Artikkelen er over 7 år gammel

Eit lag av fallskjermhopparar frå heile verda har dei siste dagane freista å setja ein ny verdsrekord i lufta over Arizona i USA.

Målet for fallskjermhopparane i «The World Team» var å byggja to formasjonar à 221 personar frå 28 land i eitt og same hopp. Laget opplevde ei trist ulukke 3. april, då ein av hopparane fekk vanskar med fallskjermen og fall i bakken. Personen omkom og på nettsidene sine skriv World Team at dei tek dødsulukka svært tungt, og at ulukka ikkje har samanheng med at dei var mange i lufta samstundes.

"Ingen andre fallskjermhopparar var involvert i ulukka", skriv The World Team.

Etter ulukka drøfta dei om dei skulle halde fram i rekordforsøket. Dei valde å halda fram, men no gjekk dei for 221 personar etter som dei skriv at deira gode ven som omkom «ikkje kan eller skal erstattast».

Ikkje mindre enn sju personar som var tekne ut for forsøket er frå fallskjermklubben på Voss. Etter det Hordaland veit er desse: Even Rokne(biletet), Gudrun Rokne, Ronny Holen, Kari Berg, Pål Bergan, Jakob Moe og Siv Lindgren.

Men i dag, laurdag, melder Gulcin Gilbert i World Team at dei ikkje greidde å setja den ambisiøse rekorden. “Det siste hoppet var nesten fullført, men to fallskjermhopparar fekk ikkje kopla seg på», skriv Gilbert i ei pressemelding frå det internasjonale laget som går heilt attende til 1994 og som har sett ei rekkje rekordar i slitt slag.

Kommentarer til denne saken