I føremiddag starta over 1500 syklistar på turrittet frå Voss til Geilo. Turen er på 160 km og har 2150 høgdemeter å by på.
Dei syklar først frå Voss til Granvin, over høgda til Ulvik, over Hardangerbrua og inn til Eidfjord, og deretter byrjar den store styrkeprøven med over tre mil samanhengande stigning.
– Måbødalen vert avgjerande, seier Bjarte Vethe i Vossevangen Cykleklubb. Sjølv har han aldri sykla opp på Hardangervidda, og er spent på det nye turrittet. Og det er litt spesielt å starta i løp i eiga heimbygd.
--Sidan rittet startar på Voss, bør me posisjonera seg og visa at «dette er vårt løp», seier Vethe med eit smil, og med ein klar tanke om å setja alvor bak. Når ein har startnummer på sykkelstyret, er det ikkje berre ein vanleg sykkeltur.
Rune Herheim (Vossevangen CK) har ambisjon om å vera med framme så lenge det går, og aller helst heilt til Måbødalen.
--Då kjem svara, og ein lyt finna ein fart som ein klarar å halda i motbakken, seier Herheim.
Nær femti syklistar frå Voss deltek i det nye turrittet Voss – Geilo.