SKADE: Laila Kristin Brekkhus må leggja opp etter skade. 37-åringen spela på lag med dottera Norun Skjeldal (t.v.). Her i samtale med Linda Fostervoll Kvamme og Sanna Skulstad Dregelid. Foto: Ørjan Brattetveit

– Me måtte grina litt i bilen, seier Laila til Eksperthaugen

Laila Kristin Brekkhus (37) er gjest i Eksperthaugen. Ho og dottera Norun (15) tok til tårene etter karrieren vart stoppa av skade.

Andre episode av Hordaland sin podkast Eksperthaugen er klar.

Fbk Voss sitt herrelag tok sin fyrste siger i serien sidan hausten 2019. I Eksperthaugen får ein analyse og kommentarar. Ein 19-åring får mykje skryt. Det får også ein mann på 43.

Les også
Her ordnar Maid herleg revansje for Voss

Publikum kunne endeleg jubla. Og publikum kunne pusta letta ut.

– Dette gjorde godt for sjela, meiner supporterveteranen Erling Rørlien.

Slutt etter 22 år

Laila Kristin Brekkhus er gjest. Ho fortel om kva som skjedde då korsbandet rauk og truleg set ein strek for over 20 år på damelaget til Fbk Voss.

Les også
Laila (37) rauk korsbandet: – Det kjennest ut som eit punktum for karrieren

– Me måtte grina litt i bilen på veg heim etter kampen, fortel 37-åringen om då ho og lagvenninna og dotter Norun Skjeldal køyrde heim frå Lyngbø-kampen.

EKSPERTHAUGEN: Ørjan Brattetveit og Sebastian Bolstad. Foto: Vidar Herre

I podkasten fortel ho om opp- og nedturar i fotballen.

Eksperthaugen tek også ein tur til Geitabakken og snakkar om eit spennande comeback.

Les også
Hordaland sparkar i gang eigen podkast om vossafotballen