EKSPERTHAUGEN: Sebastian Bolstad og Magne Himle i studio. Foto: Ørjan Brattetveit

Møt Eirik Een og Magne Himle i podkasten Eksperthaugen. – Ketsjupeffekten kom for fullt.

Målrike kampar med temperament, lidenskap og vilje. Trenarane Eirik Een og Magne Himle snakkar om lokalfotball på sitt mest underhaldande.

– Høgdepunktet i kampen mot Arna-Bjørnar, var då dommaren blåste av kampen, meiner herrelaget sin trenar Eirik Een, om kampen laget hans tapte 0–3 sist helg.

Men han smiler lurt etter sigeren over Os 2 tysdag.

– Rått å sjå på, kommenterer Een om matchvinnar Martin Bidne (21).

Les også
Martin Bidne (21) matchvinnar med herlege mål

Eirik Een er gjest hjå Sebastian Bolstad og Ørjan Brattetveit i Eksperthaugen. Også podkastarane er godt nøgde med 21-åringen frå Haugamoen

– Martin viser eit toppnivå eg aldri har sett før, seier podkastar Sebastian Bolstad om Martin Bidne sin innsats då Os 2 blei sett på plass.

I Eksperthaugen fortel Een om taktiske val, personlege feil og vegen vidare i ein sesong der det er kort mellom opp- og nedrykk.

STUDIO: Eirik Een og Helge Søfteland i podkaststudio. Foto: Ørjan Brattetveit

Best i alle kampar

Dametrenar Magne Himle snakkar om ketsjupeffekten som kom for fullt med 8–0 over NBK.

– Me har vore best i alle kampar. Men me har hatt litt uflaks som gjer at me ikkje står med full pott, seier dametrenar Magne Himle. Men han vil ikkje snakka om opprykk no.

Himle er berre 27 år, har vore toppskårar på herrelaget, men har valt trenarkarrieren framfor fotballkarrieren. Kva som ligg bak valet, fortel han om i podkasten.

PODKAST: Ørjan Brattetveit og Sebastian Bolstad står bak Hordaland sin podkast Eksperthaugen. Foto: Vidar Herre
Les også
Køyrde over Nordhordland: – Der kom ketsjupeffekten!
Les også
– Me måtte grina litt i bilen, seier Laila til Eksperthaugen