FOTBALLPODKAST: Ronny Skjelde i Eksperthaugen-studio på Svartenakken. Foto: Ørjan Brattetveit

Ronny Skjelde i podkasten Eksperthaugen: – Derfor slo eg ikkje gjennom i Brann

Ronny Skjelde (32) håpar på opprykk som Dale-spelar, er lysten på retur til Fbk Voss og fortel om opphaldet i Brann. Høyr han i Eksperthaugen.

– Det er spesielt ein ting eg angrar på, seier Ronny Skjelde om opphaldet i Brann 2. Høyr kva han tenkjer på i podkasten Eksperthaugen.

17 år gammal var han stjerne på A-laget, og han fekk tilbod både frå Sogndal og Brann.

– Ein av dei spelarane frå Voss med størst potensial på fotballbanen, meiner Bjarte Bergstrøm i podkasten. Bergstrøm har både spela med og vore trenar til Ronny Skjelde.

MANGE MÅL: Ronny Skjelde feirar her eit av sine mange mål på Fbk Voss. Han vert han gratulert av Magne Himle. Foto: Karl Ystanes

Den beste medspelaren Skjelde har hatt, meiner han heilt klart er Erik Huseklepp.

KM-vinnar i langrenn

Skjelde var også ein solid langrennsløpar. Han vart krinsmeister og gjorde det godt i hovudlandsrennet. Men slo han nokon gong sjølvaste Sjur Røthe? Det får ein avklara i podkasten.

Lokaloppgjer på Vaksdal

Les også
Hordaland sparkar i gang eigen podkast om vossafotballen

Då korona kom la Ronny Skjelde opp i det skjulte – etter å ha vore ein av Voss sine beste spelarar i opprykkssesongen 2019. Nyleg kom han tilbake på banen, no for Dale i 6. divisjon.

– Til helga er det lokaloppgjer på Geitabakken mot Vaksdal. Det er alltid kjekt.

Tilbake til Fbk Voss?

– Eg har lyst til å spela på A-laget til Voss nok ein gong, seier 32-åringen. Då korona kom la Skjelde opp i det stille – etter å ha vore ein av Voss sine aller beste spelarar i opprykkssesongen 2019.

GOD STEMNING: Sebastian Bolstad og Ronny Skjelde i podkaststudio på Svartenakken. Foto: Ørjan Brattetveit

I podkasten går programleiarane Sebastian Bolstad og Ørjan Brattetveit gjennom kampane til Voss mot Djerv og Nymark sist helg. Herrekaptein Kristoffer Bidne kjem med kommentar til kampen mot Djerv.

Les også
– Hjelp oss å kåra tidenes beste fotballspelarar på Voss