VETERAN: Sanna Skulstad Dregelid har spela for Fbk Voss sitt A-lag i vel 15 år. Ho er gjest i podkasten Eksperthaugen. Foto: Ørjan Brattetveit

Sanna Skulstad Dregelid: – Det var skummelt å gå til Fbk Voss

Sanna Skulstad Dregelid (34) har herja på Fbk Voss sitt damelag sidan ho var 18 år. Ho er hovudgjesten i den nyaste episoden av podkasten Eksperthaugen.

I ungdomen spela ho på Ørnar. Og det var ikkje berre enkelt for Sanna Skulstad Dregelid å melda overgang til Fbk Voss.

Les også
– Me måtte grina litt i bilen, seier Laila til Eksperthaugen

Ho fortel at ho synest det var skummelt å ta steget til «storesyster» på Vangen. Og om kvifor ho aldri tok steget til toppserien.

– To verkeleg bitre resultat, oppsummerer ho dei to kampane damelaget har spelt den siste veka.

Spennande unge talent

Ho meiner framtida ser god ut for Fbk Voss-damene med unge talent som Norun Skjeldal og Sunniva Haug.

Alle episodane av Eksperthaugen finn ein mellom anna på Spotify. Episoden «Jubel i feil garderobe» har denne omtalen:

EKSPERTAR PÅ HAUGEN: Sebastian Bolstad og Ørjan Brattetveit står bak podkasten Eksperthaugen i Hordaland. Foto: Vidar Herre

«Det var jubel i feil garderobe både då Fbk Voss-damene møtte Åsane 2 i toppkamp i 3. divisjon, og Voss sitt herrelag jakta revansje mot tabelltopp Lyngbø i 4. divisjon. Journalist Ørjan Brattetveit og Fbk Voss-guru Sebastian Bolstad har med seg damelagets Sanna Skulstad Dregelid i studio, dei får reaksjonar frå Lyngbø-trenar Trond Pettersen og Voss-spelar Anders Hånes Lund. Podkastarane held fram jakta på tidenes beste fotballspelarar på Voss. Dei ristar på hovudet av ei bot-ordning på herrelaget og dei jublar over Brann-siger.»

Les også
Møt Eirik Een og Magne Himle i podkasten Eksperthaugen. – Ketsjupeffekten kom for fullt.

– Det er så dumt som det kan bli

Fbk Voss sitt herrelag har eit botssystem for spelarar som hamnar i avisa, og som spelarane kan snakka seg ut av om dei får eit bestemt ord i avisa.

– Dette er så dumt som det kan bli, kommenterer ein av podkastarane.

Les også
– Hjelp oss å kåra tidenes beste fotballspelarar på Voss