SJETTEMANN I MÅL: Sjur Røthe (nr. 5) i klassisk-delen på tremila på Lillehammer laurdag. Foto: Svein Halvor Moe Foto: Svein Halvor Moe

Sjetteplass til Sjur Røthe

Sjur Røthe gjekk seg opp til ein 6.-plass i verdscuprennet i langrenn på Lillehammer laurdag. Sambygding Vebjørn Turtveit tok ein sterk 12.-plass.

Vossingane Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit, kom aldri heilt i kontakt med dei tre løparane som gjekk i eit kjemperykk heilt i byrjinga av skøytedelen på tremila med skibyte på Lillehammer laurdag.

Verdscuprennet vart til slutt vunne av russaren Aleksandr Bolsjunov, som gjekk forbi nordmannen Hans Christer Holund i spurten like før mål. Då hadde Holund drege heile skøytedelen. Like før det, hadde dei to rista av seg tredjemann Emil Iversen, også frå Noreg.

Sterk 12.-plass til Turtveit

NUMMER 12: I løpet av tremila gjekk Vebjørn Turtveit seg opp 14 plassar. Foto: Svein Halvor Moe Foto: Svein Halvor Moe

Sjur Røthe låg lenge på fjerde, femte og sjetteplass i eit felt som kom bak dei tre som gjekk i rykk, der ein til slutt tevla om fjerdeplassen. Røthe gjekk då inn til ein sjetteplass.

Vebjørn Turtveit låg som 26 etter fyrste knappe kilometeren, men han fekk farten opp litt etter litt utetter i rennet. Mot slutten gjekk han godt, og klatra heilt opp til å verta nummer tolv over målstreken på Lillehammer laurdag.