REISER: Vossingen Sjur Røthe reiser heim frå VM før meisterskapet er over. Biletet er frå då han gjekk i mål etter 15 kilometer. Foto: Terje Pedersen / NTB

Sjur reiser heim frå VM

Vossingen Sjur Røthe reiser heim før verdsmeisterskapet er over i Oberstdorf i Tyskland.

Sjur Røthe reiser heim frå VM. Det melder NRK.

– Han skal heim no, og ta vare på familien, seier langrennssjef Espen Bjervig til NRK.

Sjur og sambuaren Siv Emilie Løvvold ventar barn saman, og har termin den 7. mars.

Var mellom favorittane

Sjur Røthe hamna på sjetteplass på 30 kilometer og 15 kilometer i VM, der han var mellom favorittane før meisterskapet.

På tremila gjekk vossingen på ein smell, men skjønte ikkje sjølv kva som skjedde.

– Dette har aldri skjedd før. Eg har aldri gått tom under eit renn eg har førebudd meg til, sa Sjur til Hordaland.

Det gjenstår stafett og 50 kilometer, og Sjur er dermed uaktuell til dei siste konkurransane i VM.

Les også
Sjur: – Dette har aldri skjedd før