Gå til sidens hovedinnhold

Stafettsiger på Liatoppen

Artikkelen er over 7 år gammel

Voss Skiskyttarlag vann i dag jentestafetten i Liatoppen skiskytterfestival.

Silje Fosse, Ragna Kolve og Hilde Fosse gjekk på Voss SSL sitt lag i jentestafetten 13-16 år i dag. Liatoppen skiskytterfestival er det største skiskyttararragenmentet i verda.

Silje Fosse gjekk 1. etappe, skaut fullt hus og kom inn til veksling på 7. plass.

- Det gjekk greitt. I sporet funka det ikkje heilt, men skytinga var betre enn ho har vore i det siste, fortel Silje om sin etappe.

Ragna Kolve gjekk laget opp til delt 3. plass ved veksling, 51 sekund bak leiarlaget Drangedal IL.

- Eg hadde god glid, og hadde ein bom på skytinga. Så godt har eg aldri skote før, seier Ragna.

På 3. og sisteetappe gjekk Hilde Fosse ein svært god etappe. Ho gjorde jobben på standplass, unngjekk strafferundar og heldt høg fart i løypa. I mål var ho 18 sekund framfor Simostranda.

- Eg hadde eit ekstraskot, men eg gjekk ut i tet etter siste skytinga. Det er veldig kjekt å vinna her på Liatoppen. Og det er kjekt å vinna saman med andre, seier Hilde Fosse.

Mix-laget, 13-16, med Kjærand Kvelvane, Heidi Kolve og Mari Fosse Vaksdal enda på 21. plass.

Gutelaget til Voss, 13-15 år, med Tobias Nyborg, Hans Tvilde og Bjørnar Sæten, vart nr. 20

I morgon er det sprint på Liatoppen. Sundag er det fellesstart.

Kommentarer til denne saken