Gå til sidens hovedinnhold

Sykkelsirkus set Hardanger på hovudet

Artikkelen er over 7 år gammel

Onsdag 28. mai susar proff-syklistane over mål på Brakanes i Ulvik, i 1. etappe av Tour des Fjords. Rittet vil merkast i store deler av Hardanger.

120 syklistar - mange av dei proffar, direkte tv-sending, barneritt og mykje anna moro vil prega denne dagen i Ulvik. Neste dag, helgetorsdag, startar andre etappe i Eidfjord.

Ulvik har satsa stort på å gjera dette til ein lokal festdag, ifylgje bygde- og næringsutviklar Natalia Golis. I tillegg til feiringa, satsar dei på at dette skal gje flotte TV-bilete og eit kraftig pr-lyft for både Ulvik og Hardanger elles. TV2 har 2,5 timars direkte sending kvar dag under rittet, fram mot målgang på ettermiddagen.

Rittleiar Torjus Larsen har 19 av 20 lag klare. Det siste laget held han ope, han håpar på eit samansett norsk «landslag» for proffryttarar som ikkje er tekne ut på sine profflag. Av dei norske stjernene er Alexander Kristoff den einaste som er hundre prosent klar, på Katusha. Mellom dei andre norske som det vert jobba med er Lars Petter Nordhaug.

Toppsyklistar

Tour des Fjords har dette året deltaking av tre profflag. I tillegg til Katusha kjem også italienske Cannondale, og danske Tinkoff-Saxo.

– Det kjem dessutan fem lag frå det mellomste nivået, og i den aller største gruppa stiller dei fleste nordiske laga som er på dette nivået. Det er spesielt gledeleg at det nystarta Bergensbaserte Team FixIT deltek, seier Torjus Larsen.

Fyrste etappen er alltid spennande, både for ryttarane og arrangøren, meiner rittleiaren. Den gule leiartrøya vert utdelt, og innsatsen på den fyrste etappen legg føringar for det som kan skje dei neste dagane. Startetappen frå Bergen på 161 km reknar han som middels tung. Spesielt spennande er Espelandsdalen mellom Granvin og Ulvik, som er ei kraftig stigning seint i løpet.

– Dette kan skilja klinten frå kveiten, trur han.

Dei lokale tilretteleggjarane i Ulvik håpar på stor interesse for rittet frå heile bygda og frå tilreisande frå nabokommunane. På ettermiddagen er det barneritt rundt Brakanes-kvartalet, for alt frå to-treåringane og opp til og med 9 år.

– Det vil verta torghandel, og rittet kan fylgjast på ein svær utandørs skjerm. Me planlegg kulturinnslag på den mobile scena som rittet kjem med, og hotellet stiller med grilling og matservering, seier Natalia Golis.

Syklar siderruta

Ho vil også oppmoda folk om å stilla opp langs løypa med bjøller og flagg, for å skapa liv - og fine tv-bilete... Når syklistane kjem ned mot Brakanes på Fv 572 vil dei ta av inn på Øvragardsvegen for så å kom ned på vegen over Hakestad om Syse og til Lekve. Her køyrer dei med andre ord siderruta, tett innpå dei store frukthagane i Ulvik.

Målgang vert truleg i 18-tida, og etter utdeling av premiar og diverse skjorter kan publikum nyta kvelden med levande dansemusikk på hotellet, om dei vil.

– Me har planlagt 24 grader og sol (!), så det vert ein fantastisk fest for oss i bygda. Me håpar dette vert ein god tradisjon, seier Natalia Golis.

Mange i Ulvik er involverte i arrangementet gjennom frivillig innsats, som idrettslaget samordnar. Bygde- og næringsutviklaren har tru på at Tour des Fjords vil vera med å styrkja sykkelinteressa i heradet.

– Ulvik er fantastisk for sykling, og sporten kan fengja folk i alle aldrar og på alle nivå, understrekar ho.

Men store sykkelløp medfører også mykje annan trafikk.

– Me har 40 motorsyklar involvert, helikopter, og 60-70 bilar i alt, informerer rittleiar Torjus Larsen.

Stengjer vegar

På rittdagen vil derfor trafikantar både i Kvam, Granvin og Ulvik måtta rekna med vegstengingar og ventetid, utover ettermiddagen.

– Me går ut med nabovarsel om dette. Mellom Norheimsund og Granvin er det mykje smal veg, så i halvannan time vil vegen verta heilt stengd. Me må sikra at vegen er tømd for tungtrafikk og store bilar. Andre trafikantar kan rekna med ventetider på opp til 20 minuttar i gongen. Også over Espelandsdalen vil vegen verta stengd når ryttarane er i området, seier Torjus Larsen.

På same måte vil vegen gjennom Brakanes verta heilt stengd ein times tid rundt innkomsten, denne ettermiddagen.

Kommentarer til denne saken