annonse

Tøft for Laila mot Ada

DUELL
DUELL: Laila Himle og Ada Hegerberg i aksjon under champions league-kampen i Danmark onsdag kveld. (Foto: Nicolas Noreng Johansen, Hordalandsfotball)

Laila Himle og Fortuna Hjørring tapte mot Ada Hegerberg og Lyon onsdag kveld. - Dette var stort, seier Laila Himle.

Ørjan Brattetveit

Vossingen spela frå start i champions league-kampen heime på Nord Energi Arena mot den franske topplaget. Oppgåva hennar var å ta ut Wendie Renard.

- Det synest eg at eg klarte bra. I det heile er eg godt nøgd med kampen, me visste me ville få det tøft. Men berre det å spela slike kamper, er stort. Noko av det aller største eg kan vera med på, seier Laila Himle.

Men Himle og medspelarane fekk det tøft. Etter 17 minutt fekk favorittane på bortelaget straffe. Og Ada Hegerberg sende gjestene i leiinga.

- Det var synd med straffe så tidleg. Det øydela litt for oss. 

Før halvtimen var spela i Hjørring, auka Eugenie Le Sommer leiinga for det franske laget.  Og same spelaren auka til 0-3 før pause.

Rekord for Ada

Etter pause pressa det franske laget hardt mot heimelaget, og Ada Hegerberg skåra sitt andre mål for dagen då ho sende Lyon opp i firemålsleiing i 54. minuttet på Nord Energi Arena i Hjørring.

Med denne skåringa tangerte den norske superstjerna Anja Mittags sin rekord på 51 mål i champions league.

Kampen enda 0-4.

- Ada skåra to mål, men utanom det synest eg ikkje ho markerte seg spesielt, seier Himle. 

Gler seg til returkampen

Det skal spelast returoppgjer i Frankrike i slutten av månaden.

- Me gler oss til returkampen. No veit me meir om dei, og kanskje me skal klara å tetta igjen endå betre, og utnytta kontringsstyrken vår skikkeleg. Me har raske spissar som me ikkje fekk brukt skikkeleg på heimebane, seier Laila Himle. 

 
Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse