Dag Aksnes (til høgre) skal jobba fram eit vinter-OL-konsept basert på Voss og Bergen. Til venstre styreleiar Helge Johnsen i Idrettens Olympiade, eit selskap eigd av Voss Idrettsråd og Bergen Idrettsråd.
Dag Aksnes (til høgre) skal jobba fram eit vinter-OL-konsept basert på Voss og Bergen. Til venstre styreleiar Helge Johnsen i Idrettens Olympiade, eit selskap eigd av Voss Idrettsråd og Bergen Idrettsråd. Foto: Lars Olve Hesjedal

- Voss har vinnarskalle-kultur og arrangements-kultur. Kan me få OL til medaljebygda?

For to år sidan kontakta Voss idrettsråd Bergen idrettsråd for å laga eit vinter-OL-konsept for 2030 eller 2034. Dag Aksnes tek jobben vidare.

Les og:

-Ja til OL-utgreiing

-OL-optimisme i medaljebygda

-Sjur Røthe: - Kult om det vert OL i heimbygda

Han er ingen kven som helst.

Mellom anna så er han mannen som hadde ideen til Eldhusrøykt-fabrikken på Evanger. Han har vore flyplassjef under utbygginga på Flesland. Han har vore OBOS-direktør og er i dag direktør i NCE Fjord tourism Norway.

Lang idretts-røynsle

Han har mange års røynsle frå idretten i Hordaland (er no nestleiar i idrettskretsen og har mange år røynsle frå styrearbeid i Fana IL).

1. oktober byrjar han i jobben som dagleg leiar i Idrettens Olympiade, eit selskap eigd av Voss idrettsråd og Bergen idrettsråd. Han er selskapets fyrste tilsette.

Påtroppande styreleiar i selskapet frå samme dagen er Helge Johnsen, med femti års røynsle frå bergens-idretten. Dei 17 siste har han vore sentral i Hordaland Idrettskrets -  dei 12 siste som nestleiar (seks år) og deretter leiar.

- Kvifor? Kvifor ikkje?

- Kvifor tanken om eit vinter-OL med base på Vestlandet? Me vil heller seia: Kvifor har ingen tenkt tanken dei 100 siste åra? Me har kulturen, me har naturen. Og Voss, der ideen kom frå, har OL-vinnarar og OL-medaljar i fleng, seier Aksnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tinget i Norges idrettsforbund har vedteke at arbeidet med OL i Norge skal utgreiast. I mai 2021 skal NIF ta det endelege valet om idretten til politikarane på Stortinget. NIF-styret i Bergen november vert den fyrste milepælen.

- Treng ikkje vera kompakte leikar

- Fram til då er min jobb å laga eit best mogeleg konsept basert på Voss, Bergen og Vestlandet. Me tek ikkje nokon kamp med eventuelle andre norske anlegg. Den kjem eventuelt seinare, strekar Aksnes under.

Og legg til:

- IOC har gått bort frå at olympiske leikar skal vera kompakte. Og då målet vårt er å laga eit godt, men så billeg OL som mogeleg, er ikkje målet å byggja nye milliardanlegg. Me skal nytta fasilitetar me har, både på Vestlandet og andre stader i landet.

- Kva kan Voss sitja att med?

- Det er klart at Voss skal sitja att med noko, då ideen kom frå Voss. Den fantastiske bygda har gjennom mange år bygd seg opp ein arrangementskultur og ein vinnarskallekultur – sjå berre på kor mange OL-medaljar bygda har henta heim! Hoppbakkar og alpintbakkar på olympisk nivå har ikkje Voss, men bygda har så mykje anna. Og det skal koma klart fram i arbeidet framover. Eg skal reisa rundt og snakka med idretten, finna ut kva for nokre olympiske leikar idretten vil ha.

Pengar

Arbeidet med å utgreia OL er rekna å kosta 6-9 millionar på to år, like lenge som Dag Aksnes er tilsett. I tillegg vil han få hjelp av innleigde konsulentar.

– Dette skal ikkje kosta idretten noko som helst. Kven som står bak finansieringa, skal me koma tilbake til, seier Aksnes og Johnsen.