Lins Tanic til Knut Dagestad gjorde det godt i Bergen.
Lins Tanic til Knut Dagestad gjorde det godt i Bergen. Foto: Bergen travpark

Vossaeigde hestar henta premiar

Lins Tanic til Knut Dagestad tok 2. plass og var best av vossahestane i Bergen torsdag.

Lins Tanic gjekk på 15,3, og eigarane i Stall Lins Tanic noterte 8000 kr inn på kontoen. I same feltet kom Restless Evita til Aslaug og Svein Olav Arnøy inn på 5. plass. Tida vart 16,3 og premien 3000.

Nesfinn på 3.

I 5. løpet gjekk Nesfinn til Silje Bruvik inn til 3. plass. Han gjekk på 30,6 og premien vart 5000. I same feltet kom Bovis Tobias med eigar Eivind Bryn i sulkyen inn på 5. plass. Tida vart 31,1 og premien 3000.

Extols Revenge til Aslaug Øvrebø og Svein Olav Arnøy tok 4. plass i 1. løpet, tida vart 20,0 og premien 3000 kroenr.

I siste løpet fekk Dania Hornline til Astrid Nornes 6. plass, tid 16,9 og 3000 i premie. Cavaca til Stall Blåbær ved Jostein Finne fylgde på 7. plassen, tid 17,0 og 2000 i premie.

Kriteriet sundag

Elles tok Super Strong med base på Bulken 4. plass på Bjerke i Oslo onsdag. Han gjekk på raske 13,0 og fekk 6000 i premie.

Elles gler vossingane seg til Sylv Odin i kriteriet for treåringar på Bjerke sundag. Fyrstepremien er 500.000, og Sylv Odin til Magnar Nornes er rangert som ein av dei fire beste.