– Det kom ned meir stein enn me venta i området der me driv fjellreinsk. Steinane kom ned i samband med eit kontrollert ras, men det kom som sagt meir enn me hadde venta, sa trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest, Jørgen Bødtker, til Hordaland i 09-tida.
Rundt klokka 10:50 opna vegen att, og no er det vanleg kolonnekøyring i området.
Steinraset gjekk like etter klokka 09. Det vart lange køar i området.
– Raset gjekk ved tunnelmunningen på Dalseid-sida, og det tok ei stund å få rydda opp dette, sa Bødtker.
Lang ventetid
Vegtrafikksentralen melde at det kunne bli venting i opptil to timar i samband med oppryddinga.
Større køyretøy måtte køyra om Hardanger, via fylkesveg 49 eller 79, medan mindre køyretøy kunne køyra om Hamlagrø.
Langt arbeid
Fjellsikringsarbeidet over Dalseidtunnelen starta etter påske i år. Arbeidet skulle etter planen ha vore ferdig 1. juli, men arbeidet er forlenga ut over hausten.
– Det dukkar stadig opp nye overraskinga i fjellsida, og det er heilt umogleg å seia når arbeidet er ferdig, sa byggjeleiar i Statens vegvesen, Åge Fanebust, til Hordaland tidlegare i sommar.
Arbeidet pågår frå måndag til torsdag i vekene, og det er inntil 30 minutt ventetid mellom klokka 07 og 19.
Trafikken vert styrt med dirigent, og leiebil gjennom arbeidsområdet og den 1809 meter lange Dalseidtunnelen.
– Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for trafikantane, men det er viktig å minna om at me gjer dette nettopp for dei og for trafikktryggleiken, seier Fanebust.

Dei har venta lenge på å få byggja ny dyreklinikk – no skal planane få si avgjerd
