Dei siste vekene har det vore mindre folk på Vangen. Det betyr færre kundar i butikkane.

Nedgang

– Januar, februar og mars var bra månader for oss. Men då Vangsgata stengde i april, merka me det med ein gong på omsetninga. Hadde det ikkje vore for nokolunde gode laurdagar med bra sal til mange besøkjande til Voss, hadde det vorte riktig elendig, seier Olav Loven som driv klesbutikk i Vangsgata.

Han trur ikkje nedgangen i omsetnad utelukkande skuldast at Vangsgata har vore stengt.

– Eg trur òg at det kalde vêret etter påska har gjort at færre har vore på Vangen, seier Loven. Han tykkjer at han som butikkeigar har fått lite informasjon rundt stenginga av Vangsgata.

Mistar ikkje nattesøvnen

I januar tok Tiril Moen Eldegard over eigarskapen til Kari Traa-butikken på torget. Ho stadfestar at også dei har merka nedgang i omsetnaden etter at Vangsgata stengde og det vart mykje anleggsarbeid på torget.

– Når det vert slikt arbeid rett utanfor butikken, er det ikkje så vanskeleg å forstå at me får færre kundar. No vil jo dette arbeidet ta slutt, så eg mistar ikkje nattesøvnen av den grunn.

Moen Eldegard seier ho trur òg at den generelle økonomiske situasjonen spelar inn slik at folk er litt meir forsiktige med kva dei kjøpar.

– Men me er optimistar for sommaren. Med ei svak krone, trur me det kjem mange turistar hit til Voss, seier Tiril Moen Eldegard.

Dårleg informasjon

Leiar Lilly-Anne Selland i Voss sentrum stadfester at stenginga av Vangsgata har vore negativt for omsetnaden i butikkane.

– No har eg ikkje kontakta alle butikkane. Men dei eg har snakka med, seier at dei har opplevd eit fall i omsetninga etter at Vangsgata stengde. Fleire av dei peikar òg på at dei tykkjer dei har fått for lite informasjon om arbeidet som går føre seg.

Voss herad legg seg flat for kritikken.

– Me kan vel aldri melda frå nok, så det må me berre beklaga og prøva å verta betre, seier Sondre Gjøstein, vegingeniør i Voss herad.

Han fortel at utbetringar må gjerast av og til.

– Det må ein rekna med sjølv om vegarbeid er bale å stå i. Det varar ei lita stund, og så vert det betre etterpå.

I samband med framlegginga av fjernvarme nytta ein høvet til å gjera noko med krysset ved Bergsliparken.

– Det har vore mykje problem med holete veg og dårleg dekke ved torget. Då fjernvarmen grov seg over krysset i Vangsgata nytta me høvet til å byta ut berelaget i vegen, så no slepp folk å køyra i holer og få øydelagd felgane sine, seier Gjøstein.

Torsdag gjekk det føre seg asfaltering i den delen av Vangsgata der det har vore gravearbeid. Gata er no opna for trafikk. Men alt arbeidet er ikkje ferdig.

Fredag kveld kl. 22.00 stengjer Ringheimsvegen ved jernbaneundergangen og vil vera stengd til sundag morgon kl. 06.00. Arbeid vil gå føre seg heile helga. Dette grunna framføring av fjernvarme til lokstallen og vidare til sjukehuset.

– Det er vel litt i kjømda med ny Ringheimsveg med fortau, så vidareføringa til sjukehuset trur eg kjem litt seinare, seier Sondre Gjøstein i Voss herad.

Hordaland korrigerer: I biletteksten på det fyrste biletet og i ingressen i artikkelen, skreiv me fyrst at stenginga av Vangsgata skuldast framføring av fjernvarme. Det er ikkje riktig. Det korrekte er at stenginga skuldast heradet si planlagte utbetring av Vangsgata.