Slik svarar politikar jamleg, ikkje minst gjeld det dei, som forvarar budsjettframlegget for Noreg komande år. Så legg dei gjerne til at «vi håper at dere skjønner viktigheten av (...)», og så bla, bla.

Altså, det må vera ein vanske, ei utfordring eller ei krise for at politikarane har «ei forståing» for noko. Dei har altså ei forståing, men det tyder ikkje at dei skjønar det. Det syner seg når dei på byråkratisk og umiskjenneleg utydeleg språk seier at dei som ikkje er nøgde med pengeløyvingar, vert løna med fin omtale at dei sikkert skjønar «viktigheten av».

Når dette er gjort, så trur dei, eller vil dei at folk skal tru, at saka er løyst, og at dei skjønar. Men det dei gjer, er å prøva og få saka gløymt. For slik lovnader gjeld berre frå klokka 12 til middag på politikarspråk.

Politikarane har laga nokre ord og vendingar, som er skamord. Norsk språkråd kårar årleg eit nyord. Kan henda at det var på tide å drepa slik vendingar som nemnt med både raud og svart blyant!