Tala frå fjerde kvartal stadfestar utviklinga for heile 2022, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Om ein samanliknar heile 2022 med 2019, året før pandemien, er det omsett fem prosent færre fritidseigedommar i fritt sal.

Samanliknar ein 4. kvartal 2022 med 4. kvartal 2019, er nedgangen på 20 prosent.

Tala viser dermed at omsetninga er litt lågare i 2022 enn året før pandemien, ifylgje SSB.

– Ei normalisering

– Hovudårsaka er nok at mange skaffa seg hytte under pandemien, men at me no har fått ei normalisering, seier seniorrådgjevar Trond A. Steinset.

Han trur også at folk har vorte litt meir varsamt med å investera på grunn av den økonomiske situasjonen.

I gjennomsnitt for heile 2022 vart det omsett 30 prosent færre fritidsbustader i fritt sal enn i pandemiåret 2021.

Ifylgje byggjeindustrien var nedgangen i sal av nye hytter siste kvartal i fjor på heile 65 prosent, samanlikna med same periode i 2021. Igangsetjing av nye prosjekt er redusert med 30 prosent, har NRK tidlegare meldt.

(©NPK)