I fjor vår la dåverande samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) fram den største utbyggingsplanen i historia for transportsektoren i Noreg. No blir planen stempla som urealistisk av etterfølgjaren, Jon-Ivar Nygård, melder TV 2.
– Eg trur nok at det vil bli skuffelse, seier samferdselsminister Nygård.
Samferdselsministeren meiner det i dagens situasjon ikkje lenger er realistisk å følgje opp alt som ligg inne i førre regjerings NTP.
Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2022–2033 hadde ei total ramme på 1.200 milliardar kroner. Men i dag er situasjonen annleis. Krig og energikrise kombinert med høg inflasjon, stigande rente og låg arbeidsløyse gjer at regjeringa må kutte i oljepengebruken.
Fem tunnelar på E16 får DAB-dekning: – Ved ein eventuell brann kan det vera avgjerande
– I praksis betyr det at vi må utsetje oppstart av ein god del prosjekt, seier han.
Kva utbyggingar som blir utsette, vil Nygård ikkje seie noko om. Svaret kjem når forslaget til statsbudsjett for 2023 blir lagt fram for Stortinget torsdag 6. oktober. Han vil heller ikkje seie noko om kor store innstrammingar det er snakk om i kroner og øre.
– Det seier seg sjølv at vi som har store budsjett med store investeringsprosjekt, må bidra tungt.
(©NPK)

Lærdalstunnelen ligg an til å bli heilt stengd i eitt år: – Me kan ikkje risikera folk sine liv