Det er bra at me er samde om ein ting. Inkludering og opplæring skal fylgja den enkelte elev. Det skal ikkje vera slik at den enkelte skal føla seg utanfor ved å få tilpassa opplæring. Men det er også viktig å tenkja heilskapleg. Det er mange som ikkje klarar å tilpassa seg i store klassar. Det vil alltid vera nokon som vil fell utanfor sjølv om ein prøver å tilpassa dei elevane inn i ein ordinær klasse.

Les også: Vestland fylke nedprioriterer ikkje menneske med funksjonshemming

Då er det viktig å kunna ha og gje eit alternativ til dei også. Og det er gjerne elevar som er avhengige av mindre klassar for gradvis tilpassing inn mot større miljø. Inkludering er eit viktig tema for å kunna byggja gode relasjonar. Å kunna gje opplæring i mindre klassar og miljø i ein mindre periode på vidaregåande, vil vera eit godt bidrag til at enkeltindivid skal kunna klara seg gjennom dei kompetansemåla som vert sett. Og dei vil bli inkludert meir over tid.

Dette er kanskje mykje på grunn av at inkluderinga ikkje har fungert så bra før dei har kome på vidaregåande. Så å behalda åttargrupper vil vera med på å styrkja den enkelte elev. Inkludering handlar fyrst og fremst om at alle elevar skal få lik moglegheit til å bli inkluderte. For nokon elevar vil dette bety i enkelte periodar, at dei treng eksklusiv omsorg og opplæring for å bli godt inkluderte på veg inn i vaksenlivet.

Sjølv har eg opplevd det å ha spesielt tilpassa opplæring i periodar av min skulegang, med god oppfylging både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Dette har gjerne vore gjennom mindre grupper eller ein til ein opplæring.

Når eg ser tilbake på det, vil eg seia at det har fungert veldig bra. I dette tilfellet vil eg påstå at det har vore med på å hjelpa meg til å bli inkludert i større grupper på seinare stadium, nettopp fordi det handlar om modningsprosess, utviklingspotensial og inkludering. Og mi oppfatning er at også mindre klassar gjer slik at medelevar får eit heilt anna syn på det å ha ulike utfordringar. Det vil vera med på å styrkja samhaldet og forståinga. Så det viktigaste skal vera å styrkja den enkelte elev.

Les også

«Dette forslaget vil ramma ei gruppe menneske som har krevjande eller store vanskar»