På vegner av styret i Voss MTB-klubb er dette eit tilsvar til Sveinung Klyve sitt innlegg om slitasjen på stiane frå Valberg til Raugstad. Som innlegget vil syna, er dette altså ikkje eit motsvar eller forsøk på å forsvara alle som syklar i terrenget – målet er heller å gje innsikt i korleis majoriteten av terrengsyklistar opplever saka. I likskap med andre som nyt naturen ynskjer heller ikkje me øydelegging av terreng.

Populariteten til terrengsykling har sett ei eksplosiv auking dei siste åra. På lik måte som alt anna som veks raskt byr det på utfordringar. Der ein før i tida vart møtt med «Oi, du syklar her ja! Tøft!», har det endra seg til ei meir skeptisk haldning når turgåarar og syklistar møtast – dette meiner me er forståeleg. Akkurat no er eg på ferie sjølv, sykkelen er sjølvsagt med, for det er jo trass alt det ein likar å driva med. Dagens teknologiske samfunn legg til rette for å kunna finna fram sjølv ved hjelp av ulike nettsider, forum og appar. I likskap med tilreisande og sykkelturistar på Voss, brukar også eg ulike plattformer til å finna fram. I grunn ein smart ting, men ulempa er at dei mest populære stiane får ei endå større belasting, og på Voss er ikkje terrenget like motstandsdyktig som andre plassar.

Terrengsykling er kjekkast i terreng som har ei fallvinkel på 10 til 12 gradar. Desse stiane gjev flyt og meistringskjensle, og kan syklast av både nybyrjarar og erfarne syklistar. Utfordringa på Voss er at desse stiane ofte kryssar myr og anna mjukt terreng. Spor vert danna, og spora vert djupare sidan terrenget ofte er fuktig. Som Sveinung påpeikar vel syklistane andre linjer for å halda seg turre. Me ynskjer å påpeika at dette er ein uting, og stivettreglane seier at ein ikkje skal utvida stien ved å velja alternative linjer. Samstundes er utvalet av «sykkelstiar» på Voss relativt avgrensa, noko som aukar belastinga på dei få som er kjente.

På nokre av stiane har MTB-klubben utbetra stiar, som til dømes på vestsida av Storåsen. Me har også bygd klopper og bruer på andre sårbare plassar, mellom anna på stien som er vektlagt i denne debatten. Me skulle gjerne ha gjort meir utbetring og tilrettelegging for fine og brukbare stiar – for alle brukarar. Diverre er det trass alt ein frivillig organisasjon, og dermed er det naturlege avgrensingar i både tid og ressursar.

I eit større perspektiv har Voss i mange år marknadsført seg som ekstremsport bygd, og verknadane av det merkar ein endå den dagen i dag – det er mellom anna grunnen til at fleire av dei som sitt i styret har flytta til Voss. MTB-klubben ynskjer eit større nettverk av stiar, stiar som toler bruk og i dei våtaste periodane kan få kvila. Samstundes må ein ta innover seg at tilreisande kjem til å sykla – uansett vær eller forhold, akkurat på grunn av marknadsføringa og statusen bygda har tileigna seg over mange år. Der til dømes Hallingdal aktivt må driva med marknadsføring, kan Voss heller nytta høve til å spela på namnet sitt og skapa inntekter gjennom sykkelturisme.

Det at bygda har ein gondol plassert sentralt på vangen kan leggja til rette for ein type turisme som få andre stadar kan by på. For at dette kan realiserast på ein skånsam måte treng fleire aktørar å bli aktivt involvert. Som Sveinung påpeikar er Voss Gondol sentral i saka, men også heradet og andre næringsaktørar lyt sjå moglegheitene denne relativt nye sporten kan by på. No er det ikkje eit mål å snu debatten mot å selja Voss som sykkeldestinasjon, men det er den historiske utviklinga og posisjonen Voss har gjeve seg sjølv som er dels ansvarleg for slitasjen ein ser i dag.

Terrengsykling er blitt ein svært populær idrett, og det har både positive og negative konsekvensar. Som frivillig organisasjon har me ikkje kapasitet til å fylgja opp nye syklistar og utbetra stiar. Me meiner at ein større dialog med fleire aktørar er naudsynt for å unngå vidare – moglege – konfliktsituasjonar, og driva utviklinga framover på ein positiv måte.

Les også

Grisekøyring på turvegen langs Granvinsvatnet