Det er heilt rett, men frå Mølster til Heggjavad går det ein smal stil, fottrakka av dyr og folk gjennom generasjonar. Det var tidlegare ein fredeleg plass å gå, men dei siste åra er freden broten av sprek ungdom på sykkel. Det blir ikkje berre gjørmete men også farleg både for syklistar og turgåarar når dei kjem susande nedover den smale stien.

Ser at Klyve legg alt ansvar på Voss Resort og Visit Voss. Men syklistane med stor fart nedover på den smale, bratte stien burde også ta eit ansvar. Turstien er ikkje ei sykkelløype.

Bruk heller vegen frå Heggjavad, då blir det tryggare for alle partar.

Les også

Turstien til Raugstad er eit myrhol