BA: – Me har hatt nokre uhyre tøffe år, seier dagleg leiar i Dale of Norway, Anette Juel Knudtzon, før ho raskt legg til:

– Men no har det snudd! Me veks i alle sektorar, og kjem til å betra resultatet betydeleg i år!

– Kor stor er veksten og kor mykje betre blir resultatet?

– Nei, det vil eg ikkje kommentera no.

Juel Knudtzon fortel at veksten kjem både i Noreg og i utlandet, i fysiske butikkar og på nettet. At koronarestriksjonane er heilt borte er godt nytt for selskapet. Turistar er viktige kundar for Dale-bedrifta. Dermed vart ho òg sterkt skadelidande då koronarestriksjonane herja.

Veksten stemmer godt med det styret skisserer i 2022-rapporten.

– 2023 er venta å bli det fyrste året utan store negative verknadar av pandemien. Basert på utsiktene for 2023 og 2024 forventar både leiinga og styret betra resultat i 2023 samanlikna med 2022 og betra resultat i 2024 samanlikna med 2023, skriv styret i årsrapporten for fjoråret.

Ventar forbetring

2022 enda med driftsresultat på minus tre millionar. Resultatet før skatt vart minus ti millionar.

Både i 2021 og 2020 gjekk drifta med rundt 30 millionar kroner i minus, mens det samla resultatet før skatt var på minus 72,3 millionar kroner, viser tala frå Brønnøysundregistrene.

– Styret ser det negative 2022-resultatet som ei fylgje av koronapandemien, skriv dei, men påpeikar òg at den negative effekten av korona er redusert.

– Effekten av covid-19 blei ytterlegare redusert i 2022, men salet til turistindustrien i Noreg er framleis under nivået frå 2019, heiter det i årsrapporten.

Lang historie

Hjørnesteinsbedrifta i Vaksdal kommune har historie heilt tilbake til 1879, då gründeren Peter Jebsen etablerte tekstilindustri på Dale.

Etter ei over 140 år lang og rikhaldig historie er bedrifta i dag eigd av franske Rossignol og det svensk-norske oppkjøpsfondet Altor. Dale of Norway har 83 tilsette, ifylgje årsrapporten.

Dale of Norway sel det meste av det dei produserer i EU, Nord-Amerika og til turistar som besøker Noreg. Merkevara er godt kjent i utlandet.

Her i landet er Dale of Norway kanskje mest kjent for eit langvarig samarbeid med skilandslaget og som den offisielle produsenten av OL-gensarar i ei årrekkje.

Dette samarbeidet tok slutt i fjor haust, men Dale of Norway samarbeider framleis med alpinlandslaget.

– Det vil framleis bli produsert meisterskapsgensarar til alpinlandslaget frå Dale of Norway, seier Juel Knudtzon.