Våren 2022 fekk Helse Bergen eit varsel om at ein tilsett ved Voss sjukehus gjorde ulovlege oppslag i pasientjournalar i Helse Bergen og Voss interkommunale legevakt.

No har påtalemakta nyleg avgjort å gje påtaleunnlating i saka, skriv Helse Bergen i ei pressemelding.

Det vil seia at personen er vurdert skuldig til straff, men at ein unnlèt å fremja straffesak.

Det var BT som omtalte saka fyrst.

Over fleire år og i stort omfang

Det var ein kollega som varsla om journalsnokinga etter å ha merka at personen las i fleire journalar som ikkje hadde relevans for arbeidet til den tilsette.

Etter fleire undersøkingar vart den tilsette fråteken tilgangane til journalsystema og deretter sagt opp.

Vidare melde Helse Bergen saka til politiet, Datatilsynet og Statsforvaltaren.

Ifylgje Helse Bergen gjeld journaloppslaga ei stor mengde pasientar, gjennomført over fleire år og i eit stort omfang.

– Ulovlege oppslag i pasientjournalar er eit tillitsbrot overfor våre pasientar, og me tek difor slike saker svært alvorleg, seier fagdirektør Marta Ebbing i Helse Bergen.

Får ikkje informert dei råka

Helse Bergen skriv i pressemeldinga at dei ikkje har opplysningar om at informasjon om enkelte pasientar har blitt delt vidare, eller at nokon sine opplysningar på annan måte har vore forsøkt misbrukt.

– Me har tidlegare sagt at alle aktuelle pasientar ville bli informert, men dette viste seg å vera vanskeleg, fordi omfanget av oppslaga vedkomande hadde gjort var stort samstundes som vedkomande hadde tenestleg behov for ein god del oppslag.

Helse Bergen opplyser at dei heller vil opplysa breitt om kva rettar pasientar har når det gjeld å sjå kven som har gjort oppslag i pasientjournalen deira.

– Som pasient har du rett til å få vita kva for tilsette i Helse Bergen som har gjort oppslag i din pasientjournal. Denne informasjonen finn du ved å logga deg inn på din journal via helsenorge.no, står det i pressemeldinga.