I alt seks personar i tre ulike bilar var involverte i ulukka. Fire vart frakta til Voss sjukehus, og ein av desse vart frakta vidare med ambulansehelikopter til Haukeland sjukehus. Dei to omkomne sat i ein utanlandsregistert bil.
Møteulukke
Det var like etter klokka 12.00 at innsatsleiar Christian Meyer frå politiet i Bergen stadfesta at to personar har omkomme i ulukka.
– Det ser ut som der har vore ei møteulukke, der to bilar har kollidert front mot front, og ein av desse har så kollidert med den tredje bilen. Fire personar er frakta til Voss sjukehus. Ein av disse er frakta vidare til Haukeland sjukehus. Me veit ikkje meir om skadestatus på desse fire personane, seier Christian Meyer.
Tekniske undersøkingar
Meyer seier at to krimteknikarar frå Bergen skal gjera tekniske undersøkingar på ulykkesstaden ut over ettermiddagen.
– Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er òg på plass for å gjera sine undersøkingar. Me er godt vande med å samarbeida tett med Vegvesenet ved slike høve. Me reknar med at det vil gå ein god del timar før undersøkingane er fedige slik at vegen kan ryddast og opnast for trafikk igjen, seier innsatsleiar i politiet, Christian Meyer.
Det er omkøyring forbi ulukkesstaden på fv79 og fv49.
Hordaland oppdaterer saka.