Onsdag blei passasjerar som skulle frå Arna til Voss ståande på Dale stasjon då det oppstod problem i overgangen mellom buss for tog på Dale stasjon.

Då Hordaland onsdag føremiddag var i dialog med kommunikasjonssjef i Vy, Åge- Christoffer Lundeby, sa han fylgjande:

– Me beklagar overfor dei som mista toget. Det er slik at toga må halda rutene og kan ikkje venta på bussane.

Kontrabeskjed frå Vy

Torsdag morgon kjem det derimot kontrabeskjed frå Vy, der dei informerer om at toget i utgangspunktet skulle ha venta på bussen.

– Unntaket er berre dersom det skjer større avvik som forårsakar at bussane blir svært forseinka. Normalt skal toget venta på bussane, informerer avdelingsleiar for kunde og produktutvikling i Vy, Linn Therese Blindheim.

Ho legg til at dei no har me bemanna opp med kunderettleiarar på Dale, som skal hjelpa til og ha jamleg kontakt med bussane undervegs.

– Me har òg presisert rutinane internt i samband med buss-for-tog korrespondansen.

– Usikker på kva som skjedde

Dette seier kommunikasjonssjef Åge- Christoffer Lundeby om saka, torsdag føremiddag:

– No har ein visst større spelerom enn det eg hadde fått beskjed om, så i utgangspunktet skulle toget venta på bussen onsdag morgon. Om det var kommunikasjonen vår som glapp, eller kva som nøyaktig skjedde veit eg ikkje, seier han.

Lundeby presiserer at Vy ikkje ynskjer at passasjerar blir ståande og venta i ein time.

– No håpar eg passasjerane våre får det betre i dagane framover slik dei ikkje blir ståande og venta for lenge.