Åtvarar mot glatte vegar

Vegtrafikksentralen melder om glatte vegar i heile fylket.

– Byevêr i kombinasjon med låge temperaturar gjør vegane glatte fleire stader på Vestlandet. Entreprenørane er ute og saltar og brøyter, men det er vanskeleg å vita kvar byene treffer og kvar det er glatt til ei kvar tid. Avpass farten og køyr forsiktig, skriv sentralen på Twitter seint fredag kveld.

Les også
– Fylkesvegane våre treng sårt vedlikehald

Ikkje dagen for sommardekk

Og eit nytt snøfall laurdag morgon gjer vegane glatte i heile fylket.

– Me får inn meldingar om at det er glatt. Dette er ikkje dagen for sommardekk, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Les også
Olav Johan (31) vil ha tips etter skadeverk i Bømoen