RYKTE UT: Alle naudetatane rykte ut til uhellet på E16 litt nord for Haugsvik. Foto: Daniel Melve Kvarme

Bil køyrde i eit tre på Vossestrand

Ein bil med fire personar køyrde av vegen og inn i eit tre på E16 på Vossestrand ved avkøyringa til Brandset tysdag føremiddag, melder politiet på Twitter.

Alle naudetatane rykte ut til ulukkesstaden. Politiet seier dei fire framstår som uskadde. Det er slaps og glatt på staden. Vegvesenet seier det er redusert framkomelegheit på staden og at vegfarande må vera merksame.

Bilberging er på veg, og det vert manuell dirigering forbi ulukkesstaden i høve bilberginga.