Boblebad i vegbana stengde tunell
Vegtrafikksentralen vest melde om eit boblebad i vegbana på riksveg 13.
Like etter klokka 10 sundag melde Vegtrafikksentralen vest om eit boblebad i vegbana i Jobergstunnelen på riksveg 13.
– Tunellen vart stengd på grunn av dette, men er opna att, melder dei på Twitter like før klokka 11.
Tunnelen er rundt 2.000 meter lang og går gjennom Joberget mellom Øvre Vassenden og Holven langs Granvinsvatnet.