OPE: Vegen utanfor Eikjetotunellen mellom Stamnes og Eidsland er opna att. Foto: Jan-Egil Dyvik

Eidslandsvegen open att

Onsdag ettermiddag vart den rasråka vegen mellom Stamnes og Eidsland opna att.

Då hadde vegen vore stengd sidan fredag i sist veke.

Les også
Heimetenesta må køyra i fire timar for å nå brukarane på andre sida av raset

Opna onsdag

– Ja, onsdag ettermiddag kunne me opna att, seier byggjeleiar i vegvesenet, Brynjulv Eide.

RAS: Slik såg det ut ved rasstaden i Eidsfjorden. Foto: Ådne Matre Nordheim

No er det teke ned lause steinblokker, skredløpet er reinska og vegbanen er mellombels fiksa. I tillegg er det sett opp sikring mot sjøen, fortel Eide.

RYDDA: Slik ser rasstaden utanfor Eikjetotunellen på Fv 569 ut torsdag. Foto: Jan-Egil Dyvik

– Etter påske vil me bolta nokre blokker ovanfor vegen, etter råd frå geologen kan dette arbeidet utsetjast nokre veker. Så skal me setja opp betongrekkverk. Det som var der før reiv raset med seg, seier Eide.

Les også
Stort steinras stengjer vegen – for andre gong denne veka

To ras same staden sist veke

Til våren skal også vegbanen lappast skikkeleg og boltinga skal vera ferdig, lovar byggjeleiaren.

På denne staden, som ligg like utanfor Eikjetotunellen på veg mot Eidsland, gjekk det faktisk to steinras sist veke. Det siste var det verste, og førte altså til vegstenging i seks dagar.

Les også
Steinras ved tunell stengde fylkesveg