VÊR: Slik såg det ut på Dyranut ved Rv 7, kl 08.15 idag tidleg. Foto: Statens vegvesen

Framleis fleire stengde fjellovergangar: Hardangervidda vert ikkje opna i dag

Både Rv 13 Vikafjellet og Rv 7 Hardangervidda er mellom fjellovergangane som held stengt etter uvêr natt til måndag.

Statens vegvesen kan fortelja at grunna omfattande uvêr langs heile vestkysten natt til i dag, er fleire av fjellovergangane anten stengde eller kolonnekøyrde.

Vidare opplyser Statens vegvesenet om at alt av brøytemannskap er ute, men at dei ikkje kan seia noko om kva tid ting vil opna att.

Klokka 12.30 i dag opplyste Vegtrafikksentralen vest om at Rv 7 Hardangervidda ikkje vert opna i dag.