UVÊR: Slik såg det ut på Dyranut sundags morgon. Hardangervidda er stengt for personbilar, men det er kolonnekøyring for køyretøy over 7.5 tonn. Skjermdump: Statens vegvesen/Webkamera

Fleire fjellovergangar stengde

Det fine påskevêret som har vore dei siste dagane har no snudd, og gjort det problematisk for ferda over fjellet. Hardangervidda vart i natt stengt for personbilar, grunna uvêr.

– For køyretøy over 7,5 tonn vert det kolonnekøyring, melder Statens vegvesen på morgonen.

Klokka 12:40 vart Hardangervidda heilt stengt.

Ifylgje Vegtrafikksentralen kan det verta kolonnekøyring eller stengde vegar på alle fjellovergangane på kort varsel.

Dette er status for fjellovergangane klokka 21:52:

Rv7 Hardangervidda: Stengt

Rv13 Vikafjellet: Stengt

Rv52 Hemsedal: Kolonne

E16 Filefjell: Open

E134 Haukeli: Stengt

Fv50 Aurland-Hol: Stengt

Fv53 Årdal-Tyin: Stengt

Artikkelen held fram under annonsen.

Rv15 Strynefjell: Kolonne

Trafikkulukke Aurland – Hol

Sundag føremiddag var fire bilar involvert i ei trafikkulukke på Fv. 50 i Vetlebotntunnelen. 13 personar skal ha vore involverte.

– Tre av desse er køyrde til legevakt i Lærdal for sjekk. Dei andre vart tilsett på staden, skreiv Vest politidistrikt på Twitter.

Det var snakk om ein bil som fekk sleng og trefte tunnelveggen. Som fylgje av det vart det ein kjedekollisjon i samband med ein bil som stansa.

Trafikkuhellet førte til at strekninga mellom Aurland og Hol vart stengd i ein periode.

Kraftig vind og snø

Ifylgje Yr vert det mykje vêr på fjellovergangane dei neste dagane, og kraftig vind og snø kan skapa problem.

Les også
Sundag er det meldt om betydeleg snøskredfare på Voss
Les også
Familiepåske på Dyranut Fjellstova