Kolonnekøyring grunna uvêr - no er vegen opna for fri ferdsel
Statens vegvesen meldte tidleg fredags morgon at det var kolonnekøyring på Hardangervidda grunna uvêr. Litt over klokka 11 var fjellet opna for fri ferdsel.
Det vart opplyst at det var oppryddingsarbeid på gang, og dei venta å kunne opna fjellet ein gong mellom klokka 11:00 og 12:00.
Opphaldsvêr på Vikafjellet
På Vikafjellet var det klokka 06:20 ein minusgrad, laber bris og opphaldsvêr. Vikafjellet var stengt ein periode torsdag, grunna parkeringskaos.