ISBLOKK: I Hordaland laurdagsmorgon vart det etterlyst tiltak for å fjerna is fleire stader langs E16. Biletet er tatt i det høvet. Laurdagskvelden er det trafikale problem på grunn av is som har ramla i vegbanen. Foto: Ørjan Brattetveit

Mykje is ramla i vegbanen på E16. -Køyr forsiktig

Vegtrafikksentralen opplyste at mykje is ramla ut i vegbanen på E16 laurdag kveld.

– Politi og entreprenør er på veg. Køyr forsiktig, skriv vegtrafikksentralen på Twitter litt før kl. 22.

Trafikken var stengd i ei køyrebane ved Evanger.

Men vegbanen vart rydda og opna for trafikk om lag kl. 22.15.

Etterlyste tiltak i lokalavisa

Hordaland skreiv laurdagsmorgon ei sak der Helge Edvartsen, som køyrer på E16 dagleg, etterlyst at isblokker måtte fjernast.

Edvartsen melde om at det er fare for at isblokker kan ramla ut i vegbanen fleire stader mellom Evanger og litt forbi Bulken.

Riksveg 13

– Også på riksveg 13 i Granvin var det redusert trafikk i retning Voss på grunn av mykje is i vegen ved Gullhammartunnelen, melde sentralen litt før klokka 20.

Les også
Hundre husstandar utan vatn etter lekkasje
Les også
Fryktar isblokk kan skapa fare på E16