RAS: I 18.35-tida gjekk det ras på fylkesvegen. Foto: Arin Dyvik

Ras over fylkesvegen på Stamnes

Nabo Renathe Vik såg raset gå over fylkesvegen, og ho kjenner seg ikkje trygg på at det ikkje kjem meir.

– Eg såg steinane rasa nedover fjellsida. Nokre landa på vegen, andre på sjøen, fortel ho.

– Dette er ein utsett stad, seier Vik om raset som har gått på fylkesvegen mellom Kuvika og Kulshamar. Ho fortel at dei største steinane er like store som betongmuren ved vegen.

Ingen bilar på staden

Raset gjekk sundag klokka 18.35. Og det har regna godt i området i dag.

– Det kom heldigvis ingen bilar då raset gjekk. Men berre få minutt seinare var det fleire bilar på staden.

Tidlegare ras på same staden

Vik fortel at folk har starta å rydda vegen.

– Det gjekk ras på same staden også for nokre år sida. Då vart vegen sikra. Men det er eit utsett område. Det er masse lause steinar og massar i fjellet. Så eg vert ikkje overraska om det kjem meir, seier Vik.

Trafikkoperatør Eirik Elnes i Statens vegvesen opplyser litt over klokka 19 at entreprenør er på veg.

Litt over klokka 19.30 starta entreprenør å rydda rasstaden. Og like etter var vegen open for trafikk.