Klevavatnet: Bergensbanen til venstre i biletet, frå ein godvêrsdag. Foto: Svein Ulvund

Raset tok snøoverbygg og kontaktleidning

Snøraset på Bergensbanen kan ikkje ryddast før det er trygt å arbeida i området ved Klevavatnet.

– Raset som vart meldt litt før klokka 13.30 tok med seg om lag 25 meter av eit eldre snøoverbygg. Også kontaktleidningen vart riven ned, kan Ingunn Halvorsen i Bane Nor opplysa.

– Me må fyrst vita at det er trygt, og dessutan ha dagsljos, før me kan arbeida i området. Tysdag føremiddag vil geolog og skredekspert vurdera om det er trygt å ta seg inn i området. Me er klare for snørydding og reparasjonsarbeid, men ikkje før det er trygt, understrekar Halvorsen. Dei kjem med oppdatering om situasjonen klokka 12 tysdag.

Eit passasjertog frå Oslo på veg vestover måtte snu på Hallingskeid og er no på veg austover. Toget tek med seg ventande passasjerar på vegen tilbake. Toget frå Bergen snudde på Voss. Passasjerar som skal austover vert frakta frå Voss med buss til Oslo, opplyser Bane Nor.

Les også
Buss for tog kan verta vanskeleg
Les også
Toget vestover er forseinka grunna snøras
Les også
Raset tok snøoverbygg og kontaktleidning