GULT FAREVARSEL: Varselet gjeld frå måndag kveld til tysdag ettermiddag. Foto: Meteorologisk institutt

Sender ut gult farevarsel for snø i fjellet

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel grunna snø i fjellet.

Varselet gjeld frå måndag kveld til tysdag ettermiddag.

– Mest nedbør er venta i vestlege fjelltrakter, ifylgje farevarselet.

Snøen er venta over 800 meter. Meteorologane oppmodar til å køyra etter forholda og nytta riktige dekk.

– Det kan vera lokalt vanskelege køyreforhold.

Les også
Juli-skitur på nysnø på Vikafjellet 4. juli - sjå fotoa