SIGNALFEIL: Vanskar på jernbanen torsdag morgon. Foto: Lars Olve Hesjedal

Signalfeil på jernbanen skapte trafikkvanskar

Tidleg torsdag morgon vart det meldt om signalfeil på Bergensbanen mellom Urdland og Voss.

– To tog mellom Voss og Myrdal har vorte innstilt. Feilretting er i gang, opplyser pressevakt Gunnar Børseth i Bane Nor. Han kan ikkje gje noko prognose for kor lenge dette vil vara.

Feilen på strekninga mellom Urdland og Voss har også skapt seinkingar i avgangar mellom Voss og Bergen, har Hordaland fått opplyst.