OPNA: Vegen over Hardangervidda opna laurdag føremiddag etter uvêret. Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Uvêret lettar i fjella - opnar fleire vegar

På grunn av uvêr i fjellet har det vore kolonnekøyring og stengde vegar. No ser det ut som at vêret lettar.

Rundt klokka 03.30 laurdag vart det innført kolonnekøyring for alle køyretøy på grunn av uvêret som herjar på Hardangervidda.

Like før klokka 11.00 opna vegen for fri ferdsel.

Les også
Stansa varebil på veg til fjells: – Stor fare i trafikken med slike dekk

Sterk vind i fjella

På E134 over Haukelifjell er det innført kolonnekøyring.

– Det blir køyrd kolonnar på strekninga mellom Haukelitunnelen og Vågslidtunnelen, melder Vegvesenet.

RUFSETE: Vegen over Vikafjellet er stengd laurdag. Her er bilete frå webkamera laurdag morgon. Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Vegen over Vikafjellet vart stengd onsdag, og Vegvesenet opplyste at ny vurdering av vegen vert gjort sundag klokka 12.

E16 over Filefjell og fylkesveg 50 over Hol-Aurland er opne.

Les også
Voss med i spleiselag for trafikkanalyse av riksveg 13