Årsaka til at Statens vegvesen byter plastskilta ut med aluminium er fordi aluminium er meir haldbart og lettare å resirkulera.

To grunnar

Ser ein bort i frå endringa i materiale, vert det ingen endringar i utsjånaden på bokstavar og tal på skilta. Skilnaden er at kanten rundt skiltplata vert noko tunnare.

Det er to forhold som i all hovudsak er årsak til at Statens vegvesen no går attende til aluminium: Plastskilta sprikk mykje lettare enn aluminiumsskilta

Og det er mykje dyrare å resirkulera plast enn aluminium.

Kan byta inn plastskilta

Dei som ynskjer å byta frå plast til aluminium kan gjera det, opplyser Ivar Fjeldberg på kontor for kjøretøyregistrering i Vegdirektoratet.

– Dei nye aluminiumsskilta kan bestillast på alle Statens vegvesen sine trafikkstasjonar etter 1. januar, seier Fjeldberg.

Det nye skiltet vil ha det same nummeret som plastskiltet du leverer inn.