Tunellar var stengde på E16

Politiet melde at tunell er stengd på grunn gjenstand som heng frå taket. No går trafikken som normalt

– Risnes- og Romslotunnelane på E16 er stengde. Entreprenør er på veg, melder Vest politidistrikt på Twitter kl. 18.28.

Årsaka er altså at det heng ein gjenstand ned frå taket.

På veg

Vegtrafikksentralen vest melder på Twitter:

– Entreprenør er på veg, men er dessverre ikkje på plass før om 30 til 45 minutt.

Litt før kl. 19.00 melde vegtrafikksentralen at trafikken går som normalt etter opprydningsarbeid.

Les også
Denne våren leiger Håkon gravemaskin til å ordna opp i hagen
Les også
Skular og barnehage opnar etter negative testsvar