STENGJER: Arbeidet i Gudvangatunnelen startar opp att etter påske, og bilistar lyt førebu seg på kolonnekøyring måndag. Foto: Kjell Wold

Stenging inntil 90 minutt i tunell på E16

Arbeidet i Gudvangatunnelen på E16 startar opp att etter påske.

Måndag kveld klokka 22.00 startar arbeidet opp att i Gudvangatunnelen på E16.

Det vert då stengingar på inntil 90 minutt i tidsrommet 22.00 til 06.00.

Sjå tidene for kolonnekøyring på vegvesen.no.

Det er Vegtrafikksentralen vest som melder dette på Twitter.