Stengde E16-tunell etter tekniske problem

Beitlatunnelen vart stengd ein kort periode torsdag føremiddag etter tekniske problem i tunellen.

Vegtrafikksentralen vest melde klokka 11.36 torsdag om stengd tunell på E16.

– Beitlatunnelen på Dale vart stengd etter melding om for høgre verdiar av CO₂, men det viste seg å vera ei falsk melding. Tunellen vert automatisk stengd etter slike meldingar, men vart opna att etter nokre minutt, seier Oliver Hatland Iversen hjå Vegtrafikksentralen.

Beitlatunnelen ligg langs E16 på Dale, i Vaksdal kommune.

Les også
Kolonnekøyring og stengde vegar
Les også
Er det glatt eller dårleg brøytt der du er? Send oss dine bilete!