Tunell på E16 var stengd etter trafikkulukke

Arnanipatunnelen på E16 var stengd etter ei trafikkulukke.

Klokka 17.08 tysdag melde Vegtrafikksentralen at Arnanipatunnelen på E16 er stengd etter ei trafikkulukke.

– Ein bil og to personar er involvert. Personane skal vera ute av bilen, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt Frode Kolltveit.

Bilen køyrde i retning frå Indre Arna mot Trengereid.

Materielle skadar

Politiet opplyste på Twitter at ein gjenstand skal ha falle av ein bil, og treft ein lastebil som kom køyrande bak.

– Materielle skadar på lastebil. Skade på spegel og på ei dør, melde politiet.

Politiet opplyste at det ikkje vart personskadar.

Klokka 17.21 tysdag melde Vegtrafikksentralen på Twitter at tunellen er open igjen.

Les også
Tog køyrde på fleire kyr: – Dette er veldig trist.