STENGD: Tunsbergtunnelen stengde grunna ein bilstans. Biletet er frå arkivet. Foto: Sigrid Seim

Tunsbergtunnelen stengde grunna bilstans

Grunna ein bilstans melde vegtrafikksentralen like før klokka 13 tysdag at Tunsbergtunnelen var stengd.

– Ein bil med hengar stod inne i tunellen, noko som gjorde at den vart stengd i ein kortare periode, seier politioverbetjent Jens Petter Gravning ved Voss politistasjon.

Tunsbergtunnelen ligg på Rv 13 mellom Voss og Granvin.

Klokka 13.15 er meldinga at tunellen no er opna att.

Les også
Brannutrykking til Prestagarden – politiet etterforskar saka