IS I VEGEN: Det er meldt om vanskelege køyreforhold over fjellet. Foto: vegvesen.no

Vanskelege køyreforhold over fjellet

Brøytemannskapa melder om mykje is og vanskelege køyreforhold.

Laurdag morgon er det meldt om vanskelege køyreforhold på vestsida av Hardangervidda.

– Brøytemannskapa melder om mykje is. Større køyretøy må bruka kjetting, melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter.

Framleis kolonnekøyring

Fredag var det kolonnekøyring over fleire fjellovergangar i Sør-Noreg.

Vegen over Vikafjellet vart opna 10:30 laurdag, etter å ha hatt kolonnekøyring sidan fredag ettermiddag.