Vegtrafikksentralen melder om glatte vegar i distriktet

På grunn av underkjølt regn er det meldt om glatte vegar fleire stader i distriktet tysdag morgon.

Vegtrafikksentralen har fått meldingar om glatte vegar i Vaksdal kommune tysdag morgon. Det skal også vera glatt på grunn av underkjølt regn i Ulvik.

Strøbilar er ute, men Vegtrafikksentralen åtvarar om glatte sidevegar fleire stader.

Til BT seier trafikkoperatør Kjetil Larsen at det er typisk at det vert glatt når temperaturen droppar i tida rundt klokka 06 til 08 om morgonen.

To vogntog vart berga

Tidleg tysdag morgon vart riksveg 7 over Hardangervidda stengd på grunn av to vogntog som måtte bergast.

Vegen vart opna att ved Haugastøl like etter klokka 05.

Les også
Åtte fekk køyreforbod - overvekt og manglande lastsikring var årsaker