Vegvesenet åtvarar om glatte vegar: – Det frys på. Køyr forsiktig

Statens vegvesenet åtvarar om glatte vegar i heile distriktet laurdag kveld.

Vegtrafikksentralen og 110-sentralen Hordaland melder begge om at folk må vera ekstra forsiktige ute på vegane.

– Det har kome inn meldingar om glatte vegar fleire stader. Me har alt av mannskap ute for å strø, og oppmodar bilistar om å køyra forsiktig, melder dei.

I tillegg fortel dei om at fleire stader der det har vore regn, har saltet blitt vaska ut.

– Det blir dermed ein evig kamp med å legga på nytt salt. Er det for glatt må du la bilen stå. Hovudvegane blir tatt fyrst.

Les også
Uvêret lettar i fjella - opnar fleire vegar
Les også
Politiet mistenkte narkotika i gøymde pakker langs E16 – no har prøvesvaret kome