Vestland har opplevd eit nytt flaumdøger med ras, vasskadar, stengde vegar og isolerte gardar og grender. Det var 50-års flaum fleire stader. Mange var redde og søvnlause natta mellom 11. og 12. november. Minne frå tidlegare flaumar kjem fram. Kravet om at noko blir gjort er rettkome. Tida er inne for ein samla tiltaksplan for eit trygt og robust Vestland.

På Voss og i Flåm er dette den verste flaumen sidan katastrofen i 2014. Skadane berre på Voss kan overstiga 100 millionar kroner. Vassdraga her er enno ikkje sikra, noko eg og mange andre er skuffa over. Det er slett ikkje ein tilstand me kan slå oss til ro med. Det same gjeld for alle andre stader som er ras- og flaumutsette.

Vern av liv og helse må få sterkare vekt.

Det er rikeleg med dokument, i stat, fylkeskommune, kommunar og NVE som dokumenterer naturrisiko i Vestland. Det er ikkje heilt fritt for tiltak. Men det går for seint og dermed vert det gjerne reparasjon framfor førebygging. Det skortar på pengar, tryggleik vert sett opp mot miljø, det er manglande samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå og Vestland får ikkje sin rettkomne del av budsjettkaka.

Me kjenner utfordringane, alt er godt dokumentert av svært dugande fagfolk. Det nyttar ikkje å venta på dei nasjonale styresmaktene, me må hjelpa dei til å forstå alvoret og få fram nødvendige løysingar. Å starta på nytt vil vera ein stor tabbe. No gjeld det å samla det som er av dokumentasjon og planar og byggja det inn i ein samla tiltaksplan. Dette er eit politisk ansvar.

Mi konkrete oppmoding er at fylkesordførar snarleg samlar ordførarane til eit møte der dei fastset måla og vegen vidare. Det er på tide med eit nasjonalt gjennomslag for auka tryggleik. Det fortener alle dei som bur og ferdast i ras- og flaumutsette område.