Mannen min og eg tok oss ein tur for å sjå på den nyopna minnelunden på Tunshovden her om dagen, dessverre vart me skuffa over det me såg.

Det var så fint tillaga på alle måtar, men den kvite veggen med namneskilta på, var tilgrisa av gule render, truleg noko som har farga av og runne nedover. Kanskje kjem det frå namneskilta, kanskje frå limet, ikkje veit eg.

Eg håpar berre det er noko som kan fjernast, slik me opplevde det no, såg det ganske ustelt ut.