Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det er fleire hol i isen på Vangsvatnet fordi folk likar å isbada. Det er flott at folk vil isbada, men det er viktig å ta vare på tryggleiken for andre som nyttar isen. Tydeleg merking av hol må bli betre.
Helga i veke 10 hamna ein 10-årig gut i vatnet fordi han ikkje såg holet. Heldigvis gjekk det bra denne gongen.
Eg er usikker på kva organisasjonar som legg til rette for isbading, men forhåpentlegvis vil dei sjå denne meldinga og gjera tiltak, eller bli varsla av andre som ser denne og gjera tiltak.

Les også